page view image

ØLFEST HARDANGER 2026

Ein dag midt i Hardanger. Omkransa av fjell og fjord. Lokale brygg, ekte smakar og god stemning. Ølfest Hardanger er ein intim og triveleg ølfestival der mikrobryggeri, siderprodusentar, matfolk og musikarar frå bygda og regionen samlast for å feire handverk, natur og fellesskap.

Information
event image

Ølfest Hardanger er ein festival skapt i samarbeid mellom Hardanger Bryggeri, Hardangerfjord Hotell, Øvreviken Pizzeria og engasjerte aktørar i bygda.

Målet er enkelt: 

Å lage ein årleg møtestad der folk kan smake godt lokalt øl og sider, eta skikkeleg mat, høyre musikk – og berre ha det fint saman. Her møter du bryggjarane andlet til andlet, får høyre historiene bak produkta og får høve til å oppdage nye favorittar i rolege vakre omgjevnader i hotellhagen i Øystese.

Dette er ikkje ein storbyfestival. Dette er Hardanger.


Program


Hotellhagen   13:00–17:30

13:00  Festivalen opnar i Hotellhagen

14:00  Møt bryggjaren – smaksprat

14:30  DJ på festivalområdet

15:00  Øl-quiz

17:00  Kåring av publikumsfavoritt

17:30  Takk for i dag, festen går vidare til Skummesalen

18:00  Hotellet tilbyr middag med øltema

Skummesalen   18:00–02:00

18:00 Dørene opnar i Skummesalen

19:00  Konsert med Mia Berg

20:30  Konsert med Døssi

21:30  DJ SEBI

02:00  Dørene stenger i Skummesalen


Eit minne – ikkje berre ein billett!

Festivalpasset gir deg tilgang til heile festivalområdet og programmet. Ved inngang får du òg eit fysisk festivalminne i form av eit Ølfest Hardanger glas du kan nytte som smaksglas på festivalområdet i tillegg til å ta med heim etterpå.

Avgrensa tal plassar – førstemann til mølla!

ølfest hardanger festival

Restriktioner

Aldersgrense 18 år