ØLFEST HARDANGER 2026

Ein dag midt i Hardanger. Omkransa av fjell og fjord. Lokale brygg, ekte smakar og god stemning. Ølfest Hardanger er ein intim og triveleg ølfestival der mikrobryggeri, siderprodusentar, matfolk og musikarar frå bygda og regionen samlast for å feire handverk, natur og fellesskap.

page view image
Evenemangsdatum

lördag 25 apr 2026 13:00

avslutas söndag 26 apr 2026 02:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

ØLFEST - HOTELLHAGEN DAGTID
Marknad i hotellhagen i Øystese! Festivalområde med god mat og drikke! Besøk frå fleire bryggeri i regionen, her vert det høve til å smake seg gjennom alt det gode desse har å tilby.
ØLFEST- SKUMMESALEN KVELD
Fest i Skummesalen med live musikk og DJ, 18:00-02:00
ØLFEST HARDANGER FESTIVALPASS (Dagtid/Kveld)
SAMLA BILLETT FOR INNGANG TIL HOTELLHAGEN PÅ DAGTID, OG FEST I SKUMMESALEN PÅ KVELDEN
event image

Evenemangsinformation

Ølfest Hardanger er ein festival skapt i samarbeid mellom Hardanger Bryggeri, Hardangerfjord Hotell, Øvreviken Pizzeria og engasjerte aktørar i bygda.

Målet er enkelt: 

Å lage ein årleg møtestad der folk kan smake godt lokalt øl og sider, eta skikkeleg mat, høyre musikk – og berre ha det fint saman. Her møter du bryggjarane andlet til andlet, får høyre historiene bak produkta og får høve til å oppdage nye favorittar i rolege vakre omgjevnader i hotellhagen i Øystese.

Dette er ikkje ein storbyfestival. Dette er Hardanger.


Program


Hotellhagen   13:00–17:30

13:00  Festivalen opnar i Hotellhagen

14:00  Møt bryggjaren – smaksprat

14:30  DJ på festivalområdet

15:00  Øl-quiz

17:00  Kåring av publikumsfavoritt

17:30  Takk for i dag, festen går vidare til Skummesalen

18:00  Hotellet tilbyr middag med øltema

Skummesalen   18:00–02:00

18:00 Dørene opnar i Skummesalen

19:00  Konsert med Mia Berg

20:30  Konsert med Døssi

21:30  DJ SEBI

02:00  Dørene stenger i Skummesalen


Eit minne – ikkje berre ein billett!

Festivalpasset gir deg tilgang til heile festivalområdet og programmet. Ved inngang får du òg eit fysisk festivalminne i form av eit Ølfest Hardanger glas du kan nytte som smaksglas på festivalområdet i tillegg til å ta med heim etterpå.

Avgrensa tal plassar – førstemann til mølla!

Restriktioner

Aldersgrense 18 år

Taggar

ølfest
hardanger
festival
Arrangör
Skummesalen LIVE