page view image

SKUMMESALEN // Quiz, Ost og Øl

Kva er vel betre enn å nyte ein bygdaburger og nybrygga lokalt øl til ein spanande quiz!
Me startar no opp SKUMMESALEN QUIZ, OST OG ØL som eit fast arrangement 6 gonger i året!

Informasjon
event image

Ein quizkveld i Skummesalen inneheld:

-2 X 20 spørsmål i varierte kategoriar og vanskegrader!                   

-Rullerande quizmasterar!!

-Noko godt å bite i!

-Nybrygga øl frå Hardanger Bryggeri!!


Praktisk info:

Max 6 pers pr Quizlag, me har plass til ca 12 lag i Skummesalen.

Meld på ditt quizlag i god tid på førehand, slik at du er sikra plass. 

Deltakarane på laget ditt kan melde seg på kvar for seg, eller de kan melde heile laget på med ein felles billett.


Haust 2024:

6.september (Quizmeister NILS OVE BØRVE)

25.oktober

13.desember (Quizmeisterinner Mette Lieungh & Ingunn Teigland)


Påmelding på Ticketco.

100,- pr pers // 500,- pr lag

Dørene opnar 19:00, quizen startar 19:30!


NB! Gratis inngang til open bryggeripub etter 21:00

skummesalen quiz hardangerbryggeri hardangerbygdeysteri øystese