SKUMMESALEN QUIZ, OST OG ØL
Kva er vel betre enn å nyte ein bygdaburger og nybrygga lokalt øl til ein spanande quiz!
Me startar no opp SKUMMESALEN QUIZ, OST OG ØL som eit fast arrangement 6 gonger i året!
Ein quizkveld i Skummesalen inneheld:
-2 X 20 spørsmål i varierte kategoriar og vanskegrader!
-Rullerande quizmasterar!!
-Bygdaburger frå Hardanger Bygdeysteri!!
-Nybrygga øl frå Hardanger Bryggeri!!
Praktisk info:
Max 6 pers pr Quizlag, me har plass til ca 12 lag i Skummesalen.
Lagsamansetninga kan sjølvsagt variere frå gong til gong, men me kårer beste quizlag for våren i ein thriller av ein finale 3. mai!
Meld på ditt quizlag i god tid på førehand, slik at du er sikra plass. Bestilling av mat gjer du samstundes som du kjøper billett til arrangementet. Maten betalar du i Skummesalen.
Deltakarane på laget ditt kan melde seg på kvar for seg, eller de kan melde heile laget på med ein felles billett.
3.mai Quizmasters: Ingunn Teigland// Mette Lieungh
Påmelding på Ticketco.
100,- pr pers // 500,- pr lag
Dørene opnar 19:00, quizen startar 19:30!
NB! Gratis inngang til open bryggeripub etter 21:00