page view image

SKUMMESALEN QUIZ, OST OG ØL

Kva er vel betre enn å nyte ein bygdaburger og nybrygga lokalt øl til ein spanande quiz!
Me startar no opp SKUMMESALEN QUIZ, OST OG ØL som eit fast arrangement 6 gonger i året!

Information
event image

Ein quizkveld i Skummesalen inneheld:

-2 X 20 spørsmål i varierte kategoriar og vanskegrader!                   

-Rullerande quizmasterar!!

-Bygdaburger frå Hardanger Bygdeysteri!!

-Nybrygga øl frå Hardanger Bryggeri!!


Praktisk info:

Max 6 pers pr Quizlag, me har plass til ca 12 lag i Skummesalen.

Lagsamansetninga kan sjølvsagt variere frå gong til gong, men me kårer beste quizlag for våren i ein thriller av ein finale 3. mai!

Meld på ditt quizlag i god tid  på førehand, slik at du er sikra plass. Bestilling av mat gjer du samstundes som du kjøper billett til arrangementet. Maten betalar du i Skummesalen.

Deltakarane på laget ditt kan melde seg på kvar for seg, eller de kan melde heile laget på med ein felles billett.


3.mai                  Quizmasters:              Ingunn Teigland// Mette Lieungh


Påmelding på Ticketco.

100,- pr pers // 500,- pr lag

Dørene opnar 19:00, quizen startar 19:30!


NB! Gratis inngang til open bryggeripub etter 21:00

skummesalen quiz hardangerbryggeri hardangerbygdeysteri øystese