OST & VIN med MERETE BØ og FINN TOKVAM
Ein smakfull og underhaldande kveld i Skummesalen!
Information
12. og 13. februar 2027 får me besøk av ingen ringare enn vår mann Finn Tokvam og ein av Noregs fremste vinkjennarar Merete Bø i Skummesalen! Saman presenterer dei eit nøye samansett utval av ostar og vinar frå heile verda. Dette vert eit unikt høve til å oppleve eit høgt nivå av kunnskap kring ost og vin, servert med lun humor og gode historier i trivelege omgjevnader i Skummesalen.
Sjølv med to datoar så vert det begrensa med plassar til dette arrangementet, her gjeld det å vere tidleg ute!
Velkomen til ein smakfull og underhaldande kveld med Merete og Finn!